-
Om oss
Sentralen på Årdalstangen skal arbeide med og støtte frivilligheita sitt engasjement og aktivitet til å fortsette å utvikle gode og inkluderande lokalsamfunn. Sentralen skal saman med Gamleskulen i Øvre Årdal arbeide for heile Årdal. Frivilligsentralen har lokalet sentralt ved torget på Årdalstangen.
Om oss
Sentralen på Årdalstangen skal arbeide med og støtte frivilligheita sitt engasjement og aktivitet til å fortsette å utvikle gode og inkluderande lokalsamfunn. Sentralen skal saman med Gamleskulen i Øvre Årdal arbeide for heile Årdal. Frivilligsentralen har lokalet sentralt ved torget på Årdalstangen.På Sentralen vil du treffe Henrik som frå 01.01.2025 er dagleg leiar av Frivilligsentralen. Henrik har periodevis vore konstituert som dagleg leiar tidlegare i haust. Han er også kommunens idrettskonsulent.
Oppgaver
Frivilligsentralen på Årdalstangen skal:
- Styrke frivilligheita i Årdal
- Ha ein koordinerande rolle på frivillig aktivitet i kommunen.
- Arbeide mot å få fleire inn i frivillig arbeid og dekke behov for mennesker som trenger hjelp.
- Skape aktivitet og vere ein open møteplass.
Heile Handlingsplanen for 2025 kan finn du her
Styret/Brukarrådet
Alle Norges frivilligsentraler skal ha eit brukarråd beståande av personar som kan representere lokalsamfunnets meiningar og behov. På sentralen på Tangen har me ein variasjon av lokale foreningar, kommunale tilsette og politisk representasjon.
- Steinar Dregni (Konstituert Styreleiar)
- Patricia Seglem Lægreid, Røde Kors
- Stine Bakken Moen, Ungdommsrådet
- Magne Knudsen, Årdalstangen Idrettslag
- Kjersti Eklund, Politisk representant
- Ann Iren Hunderi, NAV/Flykningkontoret